Nye bussar til Møre-Ekspressen

Det blir sett inn nye nattbussar på ruta mellom Sunnmøre og Oslo.

  Foto: Fjord1 (pressefoto)

Nyhende

Det melder Fjord1 i ei pressemelding.

Møre-ekspressen har gått som nattrute mellom Søre Sunnmøre og Gardermoen/Oslo sidan hausten 1993 og fraktar årleg i overkant av 20.000 passasjerar over Strynefjellet. Dette er femte generasjon bussar i sambandet mellom Nordvestlandet og hovudstaden.

Fjord1 har investert 6,5 millionar kroner i dei nye bussane, og skriv i pressemeldinga at dei har lagt ekstra vekt på tryggleik. Det er mellom anna montert trepunkts-belte i alle seta. Bagasjekapasiteten er også auka i høve utgåande bussar.

Det skal også monterast straumtilførsel i bussane, slik at klimaanlegget kan vere kopla inn sjølv om motoren er avslått. Dette skal spare miljøet for utslepp, og halde rett temperatur inne i bussen under pausen på Kvam i Gudbrandsdalen.

Opninga av Eiksundsambandet korta ned reisetida for Møre-Ekspressen ein del. Når Kvivsvegen mellom Sunnmøre og Nordfjord opnar, vil reisetida bli ytterlegare korta ned. Bussane som no er komne på vegen skal etter planen trafikkere ruta i fire år framover, og Fjord1 Buss Møre vonar bussane skal skape grunnlag for vidare trafikkvekst i tida framover.