Syn og Segn er Årets nordiske tidsskrift

Syn og Segn, tidsskriftet der Bente Riise frå Hareid er redaktør, er kåra til Årets nordiske tidsskrift 2010.
Nyhende

Prisen vart delt ut i Helsinki, Finland, av den finske kulturministeren.

Bak kåringa står ein uavhengig, nordisk fagjury.

Juryen grunngir kåringa med at “Syn og Segn” er eit moderne og aktuelt tidsskrift i ordets beste forstand. Med interessante, velskrivne, grundige og personlege artiklar. Tidsskriftet har stor breidde både i sjanger og tema. Det byr på alt frå reportasjar til essays, og emna spenner frå fascismen i Europa, via europeisk historie og Chelsea Hotel.

Den finske forfattaren Monika Fagerholm representerte juryen under prisutdelinga på Edith Södergran-scenen i Helsinki. Ho overrekte prisen til Syn og Segn-redaktør Bente Riise saman med kultur- og idrettsminister Stefan Wallin.

I tillegg til Monika Fagerhol har høgskulerektor og forfattar Birgitte Kjos Fonn frå Noreg, lektor og litteraturkritikar Erik Skyum Nielsen, Danmark og forfattar og redaktør Lena Sundström, Sverige, utgjort juryen.

Syn og Segn vann tidleg i sommar den norske tevlinga Årets tidsskrift 2010. Og det er vinnarane frå alle dei nordiske landa som har tevla om å bli Årets nordiske tidsskrift 2010.

I tillegg til Syn og Segn var tidsskriftet Basso nominert for Finland, Maskinfabrikken tevla for Danmark og Ponton for Sverige.

Også i fjor gjekk prisen til Noreg, til tidsskriftet Vinduet.

Prisen er på 500 euro.