Pengar til meir nynorsk journalistikk

Nynorsk kultursentrum har gjennom Vinjefondet løyvt midlar til tre prosjekt som skal styrke nynorsk journalistikk.
Nyhende

Totalt er løyvingane på 775 000 kroner. Telemarkavisa i Skien får 375 000 kroner til eit prosjekt som skal gi meir nynorsk i avisa, Sunnhordland på Stord får 200 000 kroner til utvikling av ein fotograf til skrivande journalist, og den digitale ungdomsavisa Framtida.no i Oslo får 200 000 kroner til eittårig engasjement av reisande journalist.

Nynorsk kultursentrum skriv i ei pressemelding at midlar frå Vinjefondet blei utlyst første gongen hausten 2010. Åtte søkjarar frå fire fylke sendte inn søknadar på til saman 2,6 millionar kroner.