"Paul Harris" til Arnljot Grimstad

Arnljot Grimstad (79) frå Leikong har fått Rotary sin høgthengande ærespris "Paul Harris Fellow".

  Foto: Ingunn Røyset

Nyhende

Ex-hareidsdølingen er dermed i same klasse som Jens T. Johnsen (Jens Prest), Knut Nærø, Per Sævik og Roald Sporstøl, som er dei fire andre herøyværingane som har fått utmerkinga.

Prisen går til personar som har bidrege til å realisere Rotary sitt motto; "Service above self".

Grimstad fekk prisen for mange ting, bl. a. den sentrale rolle han har hatt i Herøyspelet i ei årrekke og for engasjementet sitt i kulturlivet og samfunnsdebatten. Ikkje minst engasjementet hans for born, dei utstøytte og dei som treng hjelp og støtte i livskriser var nemnt under overrekkinga.