"Kva er det med Flø?"

I kveld er Flø temaet i NRK1 sin fjernsynsserie "Folk:".
Nyhende

På Nrk1 onsdag 30. mars. kl 20.15 blir det sendt eit program som heiter ”Kva er det med Flø?”. Programmet handlar om programleiaren Rebecca Nedregotten Strand sitt syn på endringane på Flø. Ho er kulturjournalist i NRK.

Etter å ha snakka med ho over telefon, har vi fått vite litt om hennar syn og meiningar om saka. Rebecca er opphavleg frå Ulsteinvik så ho har eit lokalt forhold til den vesle bygda. Når ho var lita var Flø alltid så fjernt og ”langt vekk”, det blei sett på som bondeland.

- Vi drog dit sjeldan, mest for å gå tvangspålagde søndagsturar og var glad vi slapp å bu der, innrømmer ho.

Men no har det skjedd store forandringar der og staden har blitt svært populær. Det kjem mange folk frå forskjellige stader som vil oppleve Flø.

Sjølv om plassen, menneska og naturen er akkurat same som før, har nye innbyggarar med ambisjonar medverka til at Rebecca og andre har innsett kor vakker plassen eigentleg er.
- Eg har oppdaga at naturen og lyset der er utruleg vakkert, samstundes kan ein oppleve kunst og kultur der, seier ho.

I sommar fylgde ho Hugo Opdal og andre under Go With The Flø festivalen, som er eit samarbeid mellom studio Hugo Opdal og Moods of Norway, då fekk ho oppleve den enorme dugnadsinnsatsen til alle innbyggarane der. Ho snakka med Hans Ole Låbakk, som har vakse opp der, men han flytta for å studere, og reiste att til heimbygda Flø seinare. Ho snakka også med Torgeir Grimstad som har flytta dit frå Hareid, Erling Ove Flø og ekteparet Asbjørn og Reidun Flø, som har budd der i fleirfaldige år.

Alt dette har ho samla saman til eitt program.