Kystvegen støttar Hafast og ferjefri E39

Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen ser positivt på at vegvesenet utgreier ferjefri E39 og støttar alternativet via Eiksund og Hareid.
Nyhende

- Sjølv om Kyststamvegen mellom Bergen og Ålesund ligg til dels nokså langt frå kysten, er vi glade for at E39 skal bli ein gjennomgåande hovudveg av god standard. Kystvegen vil vere eit supplement som skal gi internt samband i kystregionen, samband til viktige hamner og ha gode koplingar til E39, skriv styret i ei melding publisert på nettstaden Origo.

På siste stykket av E39 før Ålesund, er det i samband med pågåande KVU føreslege eit alternativ via Eiksund og Hareid. Styret i Kystvegen tilrår at dette alternativet blir vald. Det vil gi størst nytte for det viktige industrimiljøet i regionen og gjere det mogeleg å få ei felles fjordkryssing for E39 og Kystvegen gjennom Hafast. (Hareid Fastlandsamband)

Når det gjeld ferjefri kryssing av Sognefjorden ynskjer vi å få utgreidd ei løysing via Solund som vil gi ferjefritt samband både for kystvegen og E39, (Sognefast!) Dette alternativet kan realiserast utan noko ny og svært kostbar teknisk løysing. Det vil i tillegg gi fastlandsamband for Solund kommune og styrke kommunane i ytre Sogn. Ei ytre fjordkyssing vil også vere betre tilpassa eit framtidig vegmønster i Nordhordland og Bergens regionen enn ei bru Lavik – Oppedal. Den vil kople det store industrimiljøet på Mongstad og ”Fensfjordbassenget” inn på E39. Gjennom eit nytt tverrsamband Mongstad – Øygarden vil ein få tilknyting til Øygarden, Askøy og Sotra og derfrå til E39 sør for Bergen, utan å måtte køyre gjennom Bergen sentrum. Effektivt samband til dei tunge industrimiljøa i Nordhordland og Bergen – vest vil vere særdeles nyttig for næringslivet i Sogn og Fjordane og Nordvestlandet.

- På nordsida av Sognefjorden kan ein kople seg på noverande E39 med ein diagonal frå Hyllestad til Dale og derifrå på ein opprusta FV57 til Sande. Frå Dale går Kystvegen vidare gjennom Askvoll til Flora, Bremanger og ytre Nordfjord, medan E39 går vidare til Førde og Skei etter noverande vegtrase, eller den løysinga som vert vald gjennom Førde. Dermed har ein fått eit vegsystem som mest truleg er billegare og tilfører større nytteverdi det enn det ei svært kostbar bru over Sognefjorden kan gjere, heiter det freå Styret i Kystvegen, der mellom andre ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, sit.