Opnar galleri i Oslo

Magne Furuholmen opnar kunstgalleri på Tjuvholmen i Oslo i lag med Hugo Opdal og Paul Stolper.

  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Magne Furuholmen, Hugo Opdal og Paul Stolper har etter fleire års uformelt samarbeid bestemt seg for å starte galleri saman i Oslo, med fokus på kunstnarar frå Noreg og Storbritannia.

Galleriet har fått namnet 'Stolper + Friends'. Det ligg plassert i det spanande nye galleriområdet på Tjuvholmen. Galleriet opnar 1. september med utstillinga 'Futura Plus' med nye arbeid av Magne Furuholmen.

Som biletkunstnar har Furuholmen i fleire år vore tilknytt Paul Stolper Gallery i London. Han har òg stilt ut fleire gonger på kunstgalleriet Studio Hugo Opdal på Flø.

Trioen har tidlegare samarbeidd om kunstfestivalen 'Go With the Flø', der mellom anna Furuholmen sitt multidisiplinære prosjekt Apparatjik deltok i fjor.