Medan det var 135 registrerte jordbruksverksemder (gardsbruk) i Hareid og Ulstein i 1999, var berre 60 att i 2010. Det viser tal frå jordbruksteljinga, som er gjennomført av Statistisk sentralbyrå (SSB).
I Ulstein var det 68 registrerte gardsbruk i 1999, og 32 i 2010.
Nabokommunen Hareid har mista så mange som 40 registrerte gardar sidan den førre jordbruksteljinga. 67 kom med i statistikken i 1999, men berre 28 i 2010.
Få lyspunkt
Sjølv om mykje av jordbruksteljinga er trist lesnad for landbruket, finn vi nokre lyspunkt. I Hareid har talet på gardsbruk med mellom 1,0 og 1,4 årsverk har auka frå tre til åtte sidan 1999.
Det er ikkje rapportert om gardsbruk over 1,4 årsverk i Hareid i den siste jordbruksteljinga. Her er det likevel viktig å ta høgde for at nokre tal ikkje er offentleggjorde av SSB.
I Ulstein ser vi ein nedgang for gardsbruk i alle storleikar. Det er ikkje innrapportert jordbruksverksemder større enn 1,9 årsverk i Ulstein, men også her lèt SSB vere å offentleggjere tala.
Mindre areal totalt, meir til kvar gard
Sjølv om det blir færre gardar, ser vi at dei jordbruksverksemdene som er igjen driv større areal. I 1999 hadde kvar gard i Møre og Romsdal 122 dekar jordbruksareal i gjennomsnitt. Det talet gjekk opp til 187 dekar i 2010.
Likevel ser vi at det totale jordbruksarealet går ned, både i fylket sett under eitt og i dei to kommunane på Hareidlandet.
Det totale jordbruksarealet i drift har gått ned frå 5.658 dekar i Ulstein i 1999 til 4.554 dekar i Hareid i 2009. I Hareid har det same talet gått ned frå 5.614 dekar til 4.134 dekar.
I Møre og Romsdal har det totale jordbruksarealet gått ned frå 615.800 dekar til 568.305 dekar i den same tiårsperioden.
Hentar inn meir hjelp
Tala frå jordbruksteljinga viser også at bøndene hentar inn meir hjelp utanfrå til å hjelpe til med arbeidet på gardane.
I 1999 vart i underkant av 9 prosent av arbeidet ved gardane i Møre og Romsdal utført av fast eller tilfeldig hjelp utanfrå. I 2010 hadde den same prosentdelen auka til over 19 prosent.
Totalt vart det registrert litt over 12,8 millionar arbeidstimar i landbruket i Møre og Romsdal. I 2009 hadde det same talet gått ned til i overkant av 7 millionar.
Elles har talet på oksar, kyr og sau gått ned i både i Hareid og Ulstein sidan den førre jordbruksteljinga. Mellom dei kraftigaste nedgangane finn vi i tala på kyr og sauer i Hareid. Berre 40 prosent av kyrne frå 1999 var att i 2009, medan talet på sau vart om lag halvert i same periode.
I tabellen under ser du kor mange jordbruksverksemder som har forsvunne frå kommunane på Søre Sunnmøre sidan den førre jordbruksteljinga.
Kommune | Jordbruksverksemder i alt i 1999 | Jordbruksverksemder i alt i 2010 |
Vanylven | 245 | 133 |
Sande | 81 | 37 |
Herøy | 111 | 59 |
Ulstein | 68 | 32 |
Hareid | 67 | 28 |
Volda | 259 | 112 |
Ørsta | 358 | 207 |
Møre og Romsdal fylke | 5.018 | 3.043 |