Inviterer til Stand-up-festival

I morgon kveld går startskotet for årets skjemtegaukfestival.
Nyhende

Stand-up-festivalen går for 8. året i år, tek til i morgon kveld og varer til laurdag. Desse to kveldane kan du oppleve 8 komikarar på scena på Kaffebaren i Ulsteinvik. Nokon er kjende og nokon mindre kjende, men Geir Sindre Breivik, som saman med broren Åge Andre Breivik står bak festivalen, lovar eit variert program.

- Det vert båe urbane og bygde-komikarar, nokon er krasse og andre er meir elegante, seier han.

Mellom dei åtte komikarane er det verdt å nemne Dag Sørås, som er ein etterkvart kjend komikar. Han har hatt ein serie på VGnett i tillegg til å vere eit fast innslag i "Showman" på TV2 Zebra.

Hareidsjenta Anett Wingsternes skal også på scena i tillegg til at Skjemte-veteran Vidar Hodnekvam kjem også for å jakte sin tredje "årets skjemtegauk"-tittel. Elles kjem Håvard Utheim, Rune Lothe, Per Erik Skogan, Stian Blipp Glopholm og Invge Connolly Gran.

Festivalen starta som eit lite arrangement i 2004, då det var mykje snakk om kor lite som skjedde på desse kantar. I dag er festivalen eit av mange ting som skjer, men brørne har eit mål om å halde det gåande til det 10. året, då dei planlegg å samle alle som har fått prisen "Årets Skjemtegauk" i same showet. Dei har også teke alle festivalane opp på video, og det er aktuelt med ein DVD etter det 10. året.

Har måtte seie nei til fleire

Geir Sindre Breivik fortel at dei har måtte takke nei til mange unge komikarar som vil vere med på festivalen. - Mange av desse har høyrt meir erfarne komikarar skryte av arrangementet, men vi har ein policy om å at vi må ha sett eller ha litt kjennskap til kva komikarane som kjem står for.