Ulshav har fått europeisk sertifisering

Ulshav as i Ulsteinvik er den første vekst/attføringsbedrifta på Søre Sunnmøre som er blitt EQUASS-sertifisert.
EQUASS
Equass står for European Quality in Social Service. Europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester med ekstern godkjenning. Standarden er utvikla av organisasjonen European Platform for Rehabilitation (EPR). 38 klart definerte kriterium som dekkergrunnleggjande element i eit kvalitetssystem egna for velferdssektoren. Kriteria byggjer på følgjande prinsipp: leiarskap, rettar, etikk, partnarskap, deltaking, individfokus, heilskapstanke, resultatorientering, kontinuerlig betring. Bedriftene må svare ja på 100 spørsmål knytta til dette, og kunne dokumentere positive svar for ekstern revisor.
Nyhende

EQUASS står for European Quality in Social Service, og for Ulshav inneber det at dei har europeisk kvalitetsstandar som leverandørar av velferdstenester.

– Dette er først og fremst ei kvalitetssikring på attføringsdelen av bedrifta. Men det er også eit konsept som Ulshav brukar på dei andre produktleveringane og tenestene sine, forklarer dagleg leiar Håvard Ringstad.

Sertifiseringa gjekk over to dagar med ekstern revisor, og både skriftleg dokumentasjon og rutinar vart gjennomgått. Fleire tilsette, styret og NAV vart intervjua.

Sertifiseringa gjeld for to år, då må bedrifta opp til ny revisjon.

– Det var ei stor glede då vi siste dagen før ferien fekk meldinga og beviset på at vi var godkjende. Det vart feira med kake, fortel Ringstad.

Eit grunnlag for vidare utvikling

At Ulshav er godkjende innanfor EQUASS inneber at dei har lagt ei godt grunnlag for vidare utvikling innanfor kvalitetssikring og innovasjon. Bedrifta vil framover byggje vidare på dette grunnlaget.

– Målet vårt er at vi heile tida skal heve tilbodet vårt innanfor attføring og dei andre tenestene vi leverer.

Ulshav as er den første bedrifta på Søre Sunnmøre, og den andre på heile Sunnmøre, som har blitt godkjent innanfor EQUASS. Dei har dermed oppfylt alle dei 38 kriteria som er basert på prinsippet for framragande verksemd innanfor EQUASS.

Ringstad fortel at dei har jobba med sertifiseringa i om lag eit år, og at det har vore ein prosess som alle tilsette har teke del i. Hovudmålet med EQUASS-sertifiseringa er at systemet for kvalitetssikring skal vere implementert i kvar enkelt, og dermed vere ein del av arbeidskvardagen til dei tilsette. Derfor er det viktig at kvar enkelt har eit eigarforhold til systemet og rutinane.

Bedrifta har det siste året gått gjenom store endringar og bygt eit nytt fundament for framtida. EQUASS er ei viktig brikke i dette arbeidet.

Ein ressurs innan attføring

– Hovudfokus ved Ulshav er attføring, og at vi skal vere ein ressurs i å utvikle andre sine ressursar og evne. Vi skal i størst mogleg grad vere brua deira ut i arbeidslivet, seier Ringstad.

Ulshav har om lag 10 personar på varig tilrettelagt arbeid, og 24 personar på arbeid med bistand. Ringstad opplyser at NAV på nytt har begynt å kjøpe APS-plassar (Arbeidspraksis i skjerma verksemd) hos Ulshav. Bedrifta har fem plassar, og personar kan søkje på desse plassane. Ringstad fortel at alt har byrja, og at fleire har vore på omvising og er i innsøkingsprosessen.

For personar som ønskjer å ha ein jobb innan for VTA (Verna tilrettelagt arbeid), er kravet at dei har ein uførepensjon i botnen.

– Vi tek gjerne imot dei som møtte ønskje det for ei omvising og orientering. Vi har fleire ulike arbeidsoppgåver som vi treng engasjerte menneske i.

Godt samarbeid med næringslivet er avgjerande

Skal Ulshav kunne utvikle seg vidare, er det avgjerande å ha eit godt samarbeid med resten av næringslivet på Sunnmøre. Både i høve til produktlevering og i høve til praksis-/arbeidsplassar i attføringsarbeidet. Sjølv om kundeauken innanfor jobbfrukta er tatt svært godt imot, er målet å få levere frukt til fleire av dei store bedriftene på Søre Sunnmøre.

Ulshav er også i gang med å planleggje og gjennomføre oppretting av nye avdelingar og tilbod som skal utfylle og supplere tilbodet innanfor attføringsarbeidet.