Koalisjon mellom H, Frp, V og Sp i Ulstein:

Berset (H) ordførar, Engh (Frp) varaordførar

Eit koalisjon mellom fire parti har lagt kabalen i Ulstein.

  Foto: Asle Geir Widnes Johansen

Vi måtte vente og sjå om nokon ville ha oss med. Den gamle koalisjonen har eg ikkje høyrt noko ifrå.

Oddvar Gjerde (Sp)

  Foto: Asle Geir Widnes Johansen

Nyhende

Som venta blir Jan Berset (H) ny ordførar. Knut Erik Engh (Frp) blir den nye varaordføraren.

Jan Berset har bak seg fem periodar i Ulstein kommunestyre. To av dei som ordførar. Den førre ordførarperioden hans vart avslutta i 2003.

Knut Erik Engh har tre periodar bak seg i Ulstein kommunestyre.

Etter forhandlingar utover ettermiddagen og kvelden tysdag vart det klart at Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Senterpartiet inngår eit valteknisk samarbeid. Til saman representerer dei fire partia 16 medlemmer i det komande kommunestyret Dei har fordelt posisjonane mellom seg slik:

Formannskapet (7)

Ordfører Jan Berset H

Varaordf. Knut Erik Engh Frp

Medlem Pål Grødahl V

Medlem Heidi Strand H

Medlem Lisa Mari Breivik Anderson Sp

Teknisk utval (7)

Leiar Tor Meinseth H

Nestleiar Alf Johan Antonsen Frp

Medlem Aase Ulla V

Medlem Kvinne H

Medlem Oddvar Gjerde Sp

Levekårsutvalet (9)

Leiar Eldar Knotten V

Nestleiar Harald Rune Ulstein H

Medlem Kvinne H

Medlem Mariette Elise Gjerde Frp

Medlem Hannelore Måseide V

Medlem Mann/Kvinne H

Kontrollutvalet

Leiar NN Frp

Nestleiar NN H

Medlem NN Krf/Ap

Medlem NN Krf/Ap

Valnemnd.

Leiar: Harald Rune Ulstein H

Nestleiar: Eldar Knotten V

Forholdstal skal leggast til grunn for val i råd og utval.

Avtalen er valteknisk. Partane er einige om at ein skal legge den enkeltes valprogram til grunn, og at ein prøve å finne felles løysingar frå sak til sak.

Robust

– Dette er ein robust koalisjon med heile 16 mandat i kommunestyret. Likevel vil vi understreke at det er eit reint valteknisk samarbeid. Vi skal samarbeide frå sak til sak. Vi har ein del felles, og vi bør arbeide for å finne fram til felles standpunkt, sa den påtroppande ordføraren i Ulstein, Jan Berset, i det dei fire partia hadde sett punktum for fleire timar med forhandlingar tysdag kveld.

Forhandlingane hadde vore tøffe, og Tor Meinseth (H) oppsummerte det slik:

- Vi har ikkje site her i fem timar og halde rundt kvarandre, akkurat.

Den komande varaordføraren, Knut Erik Engh, gav uttrykk for at han var godt nøgd med resultatet av forhandlingane og med at det igjen var borgarleg fleirtal i Ulstein.

Senterpartiet valde altså å skifte side i høve til valet i 2007. Partiet har mist eit mandat og kjem inn berre med ein representant i kommunestyret, Lisa Mari Breivik Anderson, som no også har sikra seg plass i formannskapet.

– Vi har fått godt betalt for at vi slutta oss til denne koalisjonen, konkluderer Sp-forhandlar Oddvar Gjerde. På spørsmål frå Vikebladet Vestposten om kvifor partiet hadde skifta side, svarte han:

– Vi måtte vente og sjå om nokon ville ha oss med. Den gamle koalisjonen har eg ikkje høyrt noko ifrå.