Har starta firmaet Best Spekemat

Bjørn Holstad på Hareid har starta firmaet Best Spekemat. Han satsar på å reise landet rundt for å selje spekemat og andre delikatesser.
Nyhende

Det ambulerande firmaet hans debuterte utanfor Amfi i Ørsta førre laurdag. I dag tek han oppstilling utanfor Amfi i Ulsteinvik.

Bjørn Holstad er slaktarson frå Hareid. Faren Njørd starta Brødrene Holstad på Hareid, eit selskap som heldt det gåande i til saman 40 år. Dei siste 10 åra, fram til 1975 var det Bjørn og kona Elsa som dreiv selskapet.

No er han inne i kjøtbransjen igjen. Frå den store varebilen tilbyr han spekemat frå Hemsedal, Valdres, Gausdal og Toten. Store skinker som har tørka på stabbur i Valdres i 12 månader og mykje anna snadder.

Sild frå Kyvik i Haugesund rømmebrød og erterbrød, Totenlefser og ulike sortar the er også med i utvalet.

Sonen Eldar er medeigar i firmaet, og dottera May Britt, som har budd fem år i Italia, skal starte import av italienske delikatesser som skal seljast gjennom Best Spekemat.

– Vi skal ta eit steg om gongen. Men etter kvart har vi planar om å produsere spekemör og sylteflesk etter oppskrift frå far, fortel Bjørn Holstad.

I slutten av november skal han i tillegg opne “julebutikk” i den tidlegare slaktarforretninga på ytre Hareid. Julebutikken blir i samarbeid med Warden, som skal selje juletre.

Best Spekemat har fått støtte frå Næringsfondet i Hareid til oppstarten.