Ved som varmar frå Ulshav

Ulshav i Ulsteinvik har begynt å selje bjørkeved
Nyhende

Veden er god og tørr, og er pakka i lett handterlege 40 liters sekker. Han blir frakta og levert rundt i heimane av bedrifta sine tilsette.

Ulshav legg vekt på service og at vedkunden skal få den hjelp ein treng for å få vedsekkene plassert på ein ønska stad. Det er spesielt mange eldre som kanskje treng veden levert litt nærmare omnen enn kva som er ”standard”, og då er dette inkludert i den servicen som Ulshav ønskjer å yte til kundane.

Også abonnementsordning

Veden har blitt levert i både kjellarar, vedskjul og gangar. Er det personar som har spesielt liten lagringsplass som til dømes i leilegheit, vil det også kunne ordnast ei abonnementsordning der det vert f.eks levert kvar veke eller annakvar veke.

For dei som har tilgang på bil og sjølv har lyst og kapasitet til å bere veden, er det mogleg å få hente og kjøpe ved på bedrifta si adresse i Saunesmarka. Her er det berre å møte opp i opningstida og få fylt opp bilen. Men det er ikkje lagt opp til kontant sal. Faktura vil bli sendt ut.

1000 sekker hittil

Førebels har Ulshav levert ut ca 1000 sekker ved i kommunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy. Dei har framleis mykje på lager og bestillingar blir tatt imot fortløpande. Utkøyring og leveringstidspunkt blir avtalt med kvar enkelt kunde, slik at kunden også kan velje å vere til stades ved levering, eventuelt få gitt beskjed om ønska plassering av vedsekkene.

Levering av strøsand

Ulshav ser for seg å kunne levere ved i desse kommunane for framtidige vintrar, og ein ser også på om det kan vere eit behov/ ønskje om å tilby levering av posar med strøsand. I tilfelle vil du då i framtida kunne bestille både varme og fotfeste frå Ulshav.