Ny kontrakt til ABB med Kleven Maritime

Nyhende

ABB har inngått ei kontrakt med Kleven Maritime for eit nytt innovativt system som dei har arbeidd med å utvikle over fleire år.

– Dette er eit “kvantesprang” i ny teknologi, og viser igjen styrken til det maritime klusteret, seier Joar Gjerde.

ABB har inngått ei kontrakt med Kleven Maritime for eit energieffektivt system for kraftforsyning og elektrisk framdrift kalla «Onboard DC Grid». Systemet er til eit offshoreforsyningsfartøy som blir bygt for reiarlaget Myklebusthaug Management.

Dette er den aller første kontrakten på ABB sitt nye likestraumsbaserte system for kraftforsyning og elektrisk framdrift, som vart lansert under Nor-Shipping 2011.

– Vi er stolte av å ha sikra oss den første kontrakten på Onboard DC Grid, som er både vekt- og plassbesparande. Systemet aukar energieffektiviteten for framdriftssystemet med opp til 20 prosent. Dette er ei god nyheit både for miljøet, kundane våre og ABB, seier leiar for ABB si marine verksemd i Noreg, Sindre Sætre.

Kleven Maritime i Ulstein skal første kvartal 2013 levere offshorefartøyet av typen MT6015 MPSV. Leveransen frå ABB inkluderer komplett kraft-, framdrifts- og automasjonssystem. Onboard DC Grid er utvikla av det norske marinemiljøet til ABB, som har spesialisert seg på leveransar av kraft- og framdriftssystem til offshorefartøy, LNG-skip og borefartøy.

– Kleven og Myklebusthaug byggjer eit fartøy for framtida. Vi er svært nøgde med at dei ser potensialet i Onboard DC Grid, som er eit system som alt i dag er klar for framtidige energiløysingar, som energilagring og kraftforsyning frå fornybare kjelder, seier Sætre.

Onboard DC Grid betyr meir effektiv kraftdistribusjon og framdrift for fleire fartøystypar, som offshore forsyningsfartøy, taubåtar, ferjer, yachtar og frakteskip. Ein sparer vekt og plass ved at ein eliminerer behovet for AC-hovudtavler og framdriftstransformatorar. Drivstofforbruket, og dimed utsleppa, blir redusert fordi farta på motoren i skipet kan regulerast meir optimalt. Samanlikna med tradisjonelle vekselstraumssystem vil reiarlaget forutan å redusere utsleppa av klimagassar, kutte kostnader ved redusert forbruk av drivstoff. Dei vil kunne optimalisere skipsdesignen på grunn av færre komponentar og enklare installasjon. Det vil også kunne føre til auka inntekter på grunn av høgare nyttelast.

– Det er ekstra artig at vi leverer den første installasjonen på heimebane i Ulsteinvik. Men nyheita har alt generert interesse frå kundar over heile verda. Vi ser dessutan ein marknad for lågspente likestraums distribusjonssystem i fleire bransjar enn berre skipsindustrien, seier Sindre Sætre.