Kinesisk verftsgigant opnar kontor i Fosnavåg

Verdas største produsent av offshore supplyfartøy opnar første utenlandskontor i Fosnavåg på Sunnmøre.
Nyhende

Sinopacific Shipbuilding Group etablerer seg i Noreg. Verftsgiganten er eitt av Kinas største privateigde skipsverftskonsern, med ei omsetjing på meir enn 11 milliardar kroner.

Sinopacific er verdas største produsent av offshore supplyskip, og vil i 2011 levere 29 offshoreskip, mer enn alle dei norske verfta til saman.

Gjennom det norske selskapet Sinopacific Norway vil verftsgruppa etablere ein viktig kontakt i den innovative maritime klynga på Sunnmøre, og mot offshoremiljøet i Europa generelt.

- Etableringa i Fosnavåg er eit naturlig steg i forretningsutviklinga vår. Vi byggjer stadig meir avanserte og teknologisk krevjande skip. I Ålesund, Fosnavåg og Ulsteinvik finn vi den beste skipsteknologien i verda. Nå kjem vi nærare dette miljøet og får med det ein mer involvert prosess, sier Simon Liang, Administrerande direktør i Sinopacific Shipbuilding Group.

Til å lede Europakontoret har Simon Liang henta Ole Zahl, som har lang fartstid frå fleire av Noregs leiande maritime bedrifter. Avdelinga skal i første omgang konsentrere seg om prosjektleiing, sal, innkjøpstenester og relasjonsbygging mellom Noreg og Kina.

- Etableringa i Fosnavåg representerer ein viktig brubyggar mellom produksjonen i Kina og det maritime ekspertisemiljøet her på Sunnmøre, seier Ole Zahl, Administrerande direktør for Sinopacific Norway AS.

- Vi skal vere eit kontaktpunkt mellom reiarar, leverandørar og skipsverft. Kombinasjonen av norsk maritim spisskompetanse og kinesisk finansiell styrke, produksjonskapasitet og prisnivå vil settje oss i stand til å byggje dei mest avanserte offshorefartøya til ein langt lågare pris enn konkurrentane våre, understreker Ole Zahl.