Rådmann-ja til Nye Høddvoll

Tysdag 24. januar skal Nye Høddvoll-satsinga opp i Ulstein formannskap. Rådmann Arset er positiv til satsinga og foreslår følgjande formannskapsvedtak:

  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

“Ulstein kommunestyre vedtek utbygging av Nye Høddvoll stadion, med ei kostnadsramme på om lag 50 mill kr. Anlegget omfattar utbygging av kunstgrasbane m/ undervarme, flomlysanlegg og tribuneanlegg som beskrive i prosjektet.

Nye Høddvoll stadion skal vere eit offentleg tigjengeleg anlegg, som hovudsak vert disponert av IL Hødd til aldersbestemt aktivitet, samt IL Hødd si toppfotballsatsing og kampavvikling.

Hødd – toppfotball pliktar å betale leige for stadionanlegget i samband med avvikling av laget sine kampar. Ulstein kommune har i samarbeid med brukarane, ansvar for drift og vedlikehald av Nye Høddvoll stadion. Ulstein kommune v/ kulturkontoret koordinerer bruken av garderobeanlegg og kafeteria i Ulsteinhallen, opp i mot arrangement på Høddvoll stadion.

All kompensert meirverdiavgift i prosjektet, vert nytta i finansieringa av Nye Høddvoll stadion.

Følgjande føresetnadar må vere på plass før utbygginga kan ta til: 1) Eigedomen/ arealet som utbygginga omfattar må vere overført Ulstein kommune vederlagsfritt. 2) Det skal utarbeidast avtale mellom Ulstein kommune og IL Hødd med følgjande innhald/avklaringar: a. Leigekostnad for Hødd – toppfotball sine kampar. b. Kommunen sine kostnader knytt til drift av flomlys og undervarme, vert refundert av brukar. 3) Høddvoll stadion AS vert avvikla utan kostnad for kommunen. Verdiane i selskapet vert overført til IL Hødd, som i samarbeid med Dimna IL tek ansvaret for anlegget.

Ein forpliktande avtale om bruk, drift og vedlikehald av gamle Høddvoll stadion, vert å utarbeide mellom IL Hødd og Dimna IL. Avtalen skal sikre at både fotball- og friidrettsaktiviteten skal kunne vidareførast på Høddvoll stadion. 4) Den årlege kommunale overføringa på 250.000 kr som tidlegare har gått til Høddvoll stadion AS, vert no lagt inn i budsjettet til Nye Høddvoll stadion.”