Kleven og Hareid Group satsar i Brasil

Kleven ORN tilbyr service på all maritim elektro frå basen i Niteroy utanfor Rio.

  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

Kleven Maritime og Hareid Group har gjennom sitt felles selskap Kleven Maritime Technology (KMT) inngått eit joint venture med den brasilianske verksemda Offshore Reparos Navais (ORN).

ORN tilbyr service og reparasjon av offshorefartøy. Det nye selskapet har fått namnet Kleven ORN.

- Det er stor etterspørsmål etter tenester frå reiarlaga som opererer skip utanfor Brasil, kommenterer konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime.

I dag er det 13 skip levert frå Kleven Maritime sine veft som operer utanfor B rasil. ORN har også mange norske og internasjonale kundar, noko som opnar for ein større marknad.

- Det er Hareid Group og Kleven Maritime sin kvalitet som skal selje til kundane i Brasil også, og vi vil nytte oss av all den internasjonale ekspertisen vi har i desse to selskapa for å gje kundane den servicen dei spør etter, seier konsernsjef Ronald Dyrhol i Hareid Group.

Jan Arild Vik er første mann på plass i Kleven ORN. Han flyttar til Brasil i løpet av dei næraste vekene, og den erfarne skipselektrikaren skal vere ansvarleg for oppbygginga av tilbodet til kundane i den viktige og veksande brasilianske marknaden.

- Det å få vere med på noko frå starten er ein svært spennande sjanse. Planen er å vekse raskt, både med lokalt personell og tilsette frå Noreg, fortel han.