Mange ville sjå smykker på Flø

Det vart etter kvart trongt i Studio Hugo Opdal på Flø søndag då utstillinga med Camilla Prytz og Grethe Prytz Kittelsen sine smykke vart opna.

  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

For å leike seg litt hadde galleriet hengt opp Prytz sine smykker i nokre ballongsnorer som hang ned frå taket.

Camilla Prytz sine smykker ligg i prisklassen frå kr. 1.900 kr. 3.800 og 4.500 - og dei er å få som sommarfuglar, "det tredje øye", "englevingar", "flower power" (blomar), firkløver og stjerne.

Camilla Prytz er ein slektning av designaren Grethe Prytz Kittelsen, som blant anna gjorde seg kjend gjennom eit samarbeid med den italienske designaren Venini. På ein av veggane på Flø heng i desse dagar nokre halsband i glas, designa av Kittelsen/Venini. Desse smykkene har ei prisramme frå 6.500 til 12.000 kroner.

Camilla Prytz fortalde under opninga av utstillinga at ho stilte ut på Flø for tredje gong. - Det passar meg fint å leike hos Hugo, sa ho.

Smykka hennar er i både emalje og sølv. Alt er saga ut for hand og pålagt emalje for hand. Emaljering er eit handverk som er i ferd med å døy ut.

Om smykka sine sa Prytz elles at ho ville at dei skulle vere tidlause. - Dei skal vere like flotte om 20 og 30 år - ja, om 100 år, sa ho.

Utstillinga er open laurdag og søndag i dei to komande helgane også.