Støypekulverten vart montert i ekspressfart

Trass i ein dårleg start på førre helg gjorde Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) seg klare til onsdagens montering.
Nyhende

Då NVE tok helg torsdag førre veke, fekk prosjektet i Hofsetvegen i Ulsteinvik verst tenkeleg utfall. Store nedbørsmengder fann vegen frå skyene natt- og morgontimane fredag. Heile grunnfundamentet for støypekulverten blei vaska vekk.

Effektiv prosess

Anleggsleiar Andres Muldsvor i NVE kunne fredag betrygge om at prosjektet ikkje ville bli tidsmessig utsett grunna skadane regnet påførte. Dette beviste dei måndag då heile fundamentet blei laga til på ny.

Onsdag morgon stod om lag sju semitrailerar i Ulsteinvik sentrum og venta på å få sleppe til anlegget i Hofsetvegen. Med seg hadde dei kvar sin del av kulverten som skulle nedleggjast og monterast i elveløpet gjennom vegen. Montørar frå Norsk Betongindustri (NoBi) i Bergen kom saman med transportørane.

I ett samarbeid mellom NVE, NoBi og Ulstein Betongindustri som stilte med mobilkran, blei kulverten montert i ekspressfart.

Onsdag ettermiddag stod kulverten ferdig, og NVE kunne halde fram med arbeidet som planlagt i Hofsetvegen.

Som tidlegare annonsert er prosjektet venta avslutta 29. mars.