Høgdepunkta i kø på påskeøya Runde

Nyhende

Historievandringar, sildefilm, dans, fotokurs, ornitologar i fjellet og Maria Parr som les frå «Vaffelhjarte»: Høgdepunkta kjem til å stå i kø på Runde i påska, uansett korleis veret blir. Dei to siste helgedagane blir det også råd å tinge båtskyss direkte mellom Ålesund og Runde.

Fleire aktørar på Runde har gått saman om å tilby gode opplevingar for folk som vil møte våren på øya i påska. Programmet er klart, og inneheld aktivitetar for små og store kvar dag heile påska, mange av dei gratis.

Startskotet går palmesøndag 1. april, med opning av den nye sjøfuglutstillinga i storsalen til Runde Miljøsenter. Same dagen kjem Are Pilskog til miljøsenteret og viser og fortel om arbeidet med sildefilmen «Havets sølv». Dette blir ein unik sjanse til å sjå filmen på stort lerret, både for dei som gjekk glipp av den på NRK1, og dei som gjerne vil sjå den storslåtte filmen igjen.

Lær om fuglelivet

Dei fleste dagane, og nokre kveldar, i påska vil medlemmar i Norsk Ornitologisk Foreining vere utstasjonerte på utvalde stader i fjellet. Dei skal vere lette å finne, og dei svarer meir enn gjerne på spørsmål og fortel om det unike fuglelivet på øya.

Runde har det tredje største fuglefjellet i Noreg, og det mest artsrike i Skandinavia. Her er det råd å oppleve både lundefugl, havsuler, havørn og mange andre artar på nært hald. Det er ei magisk oppleving å sitje heilt stille i lundeura om kvelden og nesten få fuglar i fanget. Også på dagtid kan det vere lundefugl å sjå, men dei fleste er då ute på havet og fangar mat.

Spennande fjøre

Å leite rundt i fjøra på Runde, snu på steinar og studere livet i tidevassdammane er også artig for både store og små. Ekstra interessant er det å vere i lag med nokon som kan fortelje om det ein ser, for ikkje å snakke om å lage sitt eige akvarium. Måndag og tysdag i påskeveka tek Johan Moltu folk med på ei spennande oppdagingsferd i fjøra nedanfor den store parkeringsplassen i Goksøyra.

Mange historier

Runde har ei omfattande og svært interessant historie, men ikkje alt er like godt kjent. Dei som tek turen til øya måndag-skjærtorsdag kl. 12 får bli med Ingrid Runde Huus og Rolf Huus på vandringar langs søre Stranda og i hamna. Dei er begge svært kunnskapsrike og historieinteresserte, og har mangt og mykje å fortelje om liv og lagnad, utvikling og arbeid desse stadane.

Rundeskatten er betre kjent, ikkje minst blant dykkarar. Herøy dykkarklubb har tradisjon for å dykke på Runde i påska, og skjærtorsdag tek dei passasjerar med m.a. til Kvalnesbukta, der «Akerendam» forliste i 1725. Sjølve skatten er utstilt og kan opplevast på Runde Miljøsenter.

Foto, dans og vaffelkonsert

Runde er eit eldorado for fotografar, både røynde og urøynde. Dei sistnemnde får sjansen til å betre kunnskapane sine gjennom eit to-dagars fotokurs ved Christineborg Gjestehus skjærtorsdag og langfredag. Instruktør er Runar Anderssen, og her gjeld det å vere tidleg ute og melde seg på. Andre kan glede seg over flotte historiske foto i utstillinga Jan Ove Aarvik og Kystlaget lagar til i Turistinformasjonen. Der blir det også gratis «Vaffelkonsert» påskeaftan, med eit variert program framført på sag, harpeleik, gitar og munnharpe!

Dei som ikkje berre vil lytte til, men også svinge seg til lystige tonar, får sjansen til det på Christineborg same kvelden. Der blir det nemleg dans, med Narve Lied einmannsorkester som framfører perler m.a. frå 80-talet. Overnatting er ikkje noko problem. Det er gå-avstand mellom Christineborg og Runde Miljøsenter, som begge leiger ut rom og leilegheiter. Litt lengre er det over fjellet til turisthytta Runde fyr, men også der er det sengeplass til mange.

«Vaffelhjarte»

Eitt av dei største høgdepunkta på Runde i påska, blir besøket av Maria Parr på miljøsenteret skjærtorsdag. Boka og TV-serien om Trille og Lena har treft både barn og vaksne i hjarterota, og det er ei stor oppleving å høyre forfattaren sjølv lese frå boka. I tillegg blir det råd å få kjøpe signerte eksemplar både av «Vaffelhjarte» og Brageprisvinnaren «Tonje Glimmerdal». Auditoriet på senteret har berre plass til ca. 80 personar, så her kan det vere lurt å vere tidleg ute.

Godt for ganen

Christineborg Gjestehus har open kafe alle helgedagane i påska, og Runde Miljøsenter kvar dag. Begge stadane vil tilby både middag og kaffimat. I tillegg kjem «Gode greier» og sel heimelaga saft og syltetøy utanfor miljøsenteret påskeaftan, og Grendelaget har vaffelsal i turistinformasjonen same dagen.

Båtskyss

Det kan vere kronglete å kome seg til Runde for dei som har Ålesund som utgangspunkt og ikkje har bil. Men 1. og 2. påskedag stiller Arne Sævik opp med båten sin «Lophelia» og fraktar passasjerar fram og tilbake mellom Ålesund og Runde på bestilling.

Heile programmet for «Påskeøya Runde» ligg m.a. på nettsidene til Runde Miljøsenter, Christineborg Gjestehus, Runde turistinformasjon og Ålesund og Sunnmøre turistforening.