Åshild Moldskred nominert til Uprisen

Forfattaren Åshild Moldskred (34) frå Haddal er nominert til Uprisen for ungdomsboka Mørketid.

Eg begynte å skrive litt dikt og noveller for skrivebordsskuffa då eg gjekk på vidaregåande. Men først då eg kom på universitetet, våga eg å skrive eit heilt manus.

Åshild Moldskred
Nyhende

Prisutdelinga skjer torsdag denne veka, og der er fem nominerte forfattarar. Åshild er alt i gang med bok nummer to saman med Gyldendal forlag.

Åshild er dotter til Anne-Liv og Oddvar Moldskred i Haddal, fødd i Ulsteinvik 15. mai 1978. Ho voks opp i Haddalbygda, gjekk barneskule der og så ungdomsskule i Ulsteinvik. Så gjorde ho eit hopp over Breisundet til Fagerlia v.g. skule og allmennfagleg linje med påbygging.

- Eg begynte å skrive litt dikt og noveller for skrivebordsskuffa då eg gjekk på vidaregåande. Men først då eg kom på universitetet, våga eg å skrive eit heilt manus. Det var vel for om lag ti år sidan. Eg fekk lyst til å bruke fantasien meir aktivt. Den har alltid vore velutvikla, og no vart eg nysgjerrig på om eg var i stand til å dikte ei historie som lisjebroren min, Anders, ville like. Anders var nok ikkje hundre prosent objektiv, men han likte historia - så eg sende henne inn til tre forlag - mest i håp om å få konstruktiv kritikk.

- Men etter tre korte og kjappe avslag la eg bort historia og begynte å skrive om vampyrar ... eg fekk massevis av inspirasjon, som bar meg gjennom x antal avslag og to vidt ulike blod-drikkarhistorier, fortalde Åshild då Vikebladet Vestposten intervjua henne i januar 2011.

Mørketid- manuset var med andre ord det tredje manuset ho prøvde for eit forlag.

UPrisen

UPrisen – årets ungdomsbok deles ut for sjette gang under U i Banken på Lillehammer. Arrangementet er en del av Norsk Litteraturfestival.

UPrisen – årets ungdomsbok er ein unik pris: Det er ein pris med ungdom i alle ledd. Ungdomsskoleklassar frå heile landet har levert over 200 meldingar av årets norske ungdomsbøker. Ein nominasjonsjury beståande av ungdommar har nominert fem bøker på bakgrunn av desse meldingane. Og nå har sju juryklasser frå forskjellige ungdomsskular lese dei nominerte.

Torsdag 31. mai blir altså vinnaren utropt. Juryen skal kåre ein vinnar blant følgjande nominerte:

• Åshild Moldskred: Mørketid. Gyldendal

• Jan Henrik Nielsen: Hausten. Cappelen Damm

• May Grethe Lerum: Solstorm 1. Himmelslør. Aschehoug

• Kjetil Johnsen: Den 4. parallell. Maria-eksperimentet. Gyldendal

• Terje Torkildsen: Dystopia III. Samlaget

Bøkene er nominert på bakgrunn av ungdoms eigne bokmeldingar på uprisen.no

Prisen blir gjort offentleg av juryen på sjølve prisutdelinga.