Unge storspararar

6.-klassingane ved Hasund skule har redusert straumforbruken i heimane sine med 18 %. Ordførar Jan Berset vart imponert.
Nyhende

Berset besøkte 6.-klassingane onsdag. Det same gjorde representantar frå Klimakutt Møre, som har som målsetjing å redusere straumforbruket i åtte kommunar, inkludert Hareid og Ulstein. 6.-klassingane ved Hasund skule var vore med ei uhøgtideleg konkurransen der målet var å spare mest mogleg straum i heimane til elevane. Konkurransen gjekk over seks veker.

6 % meir enn kommunen

Harald J. Lillebø frå Klimakutt Møre kunne fortelje at Hasund-elevane hadde spart 18 % straum i denne perioden. Det imponerte ordførar Jan Berset.

– Slik må det halde fram. Og få gjerne med foreldra dykkar. De kan vere gode ambassadørar for å få ned straumforbuket. Til ei samanlikning har dei kommunale bygga i kommunen klart å redusere forbruket med 12 %, så 18 % er imponerande, sa Berset.

Lillebø forklarte at dersom kvar heim sparer 18 % i løpet av eitt år, vil det bety at dei ikkje berre gjer ein god jobb klimamessig. Dei vil også spare ca. 4000 kroner per heim.

Gode tiltak

Jan Berset ville undersøke kva elevane hadde gjort for å spare straum, og elvane lista villig vekk opp mellom anna desse tiltaka:

– Sjå mindre på TV. Få foreldra til å gjere det same.

– Ikkje dusje så lenge.

– Dra ut stikkontakta frå CD-spelaren før eg legg meg.

– Slå av lys og varme som ikkje trengst.

– Spele mindre data.

– Heller sjå på TV hos ein kamerat enn å gjere det heime.

– Spele endå meir fotball.

– Skru av varmen om natta.

– Montere varmepumpe.

– Bruke sparepærer.

Elevane fortalde at det i dei fleste tilfelle gjekk greitt å få med seg foreldra på desse tiltaka. Det var litt verre med datainteresserte søsken...

– Hald fram med sparinga

Ulstein-ordføraren oppfordra elevane til å vere klar over sine roller som straumspararar.

– De er framtida, og de veit no kva som skal til for å spare straum og energi. No håper eg at de held fram på denne måten. Ikkje berre i eitt år, men i mange år, sa Jan Berset.