Kven klarte å spare mest?

Nyhende

I morgon tidleg blir det kunngjort kva sjetteklasse som greidde å spare mest straum.

I fem veker har sjetteklassane på Søre Sunnmøre og i Hornindal konkurrert om kven som klarer å spare mest energi og kven som har dei beste tipsa til korleis ein kan bli betre på Enøk.

12 skular og 14 klassar har fullført konkurransen. Dei som har delteke er alle Enøk- vinnarar og får utdelt t-skjorter. Førstepremien er ein tur til Runde Miljøsenter fredag 15. juni.

Kunngjering av vinnaren vil skje på Miljøsenteret denne dagen.

Konkurransen er ein del av arbeidet med å skape positive haldningar til energiøkonomisering og i klimaspørsmål. Konkurransen inngår som ein del av dei tiltaka kommunane har sett i verk i oppfølging av dei kommunale klimaplanane alle kommunane utarbeidde i 2009, og som inngår i prosjektet “Klimakutt Møre”. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom åtte kommunar på Sunnmøre og Hornindal, leia av Møreforsking i samarbeid med Energiråd AS og Enøksenteret.