Klasse 6B frå Hasund skule sparte mest straum

Med det vann dei energisparekonkurransen for Søre Sunnmøre og Hornindalen.
Nyhende

Klasse 6B ved Hasund skule vann energisparekonkurransen. Dei vann i tøff konkurranse med 15 andre sjetteklassar.

Elevane i klasse 6B har vore svært flinke. Dei har greidd å bruke 23 prosent mindre energi enn normalt i konkurranseperioden. Dette er gjort utan at det er investert i dyre sparetiltak, berre gjennom å bruke energien smartare.

I snitt ville kvar heim å ha spart over 4500 kWh i året (tilsvarande i kroner, då energiprosen over tid har vore rundt ei krone pr kWh) om dei heldt seg på dette energiforbruket i eit år. Samla kunne heile klassen på 17 elevar på eit år ha spart heile 80 000 kWh. Dette tilsvarer den årlege energibruken til fire heimar!

Som premie fekk elevane klassetur til Runde Miljøsenter. Her fekk dei utdelt t-skjorter og diplom for den gode spareinnsatsen. Etterpå fekk dei ei spennande og lærerik omvisning i Miljøsenteret. Her fekk dei sjå korleis Runde Miljøsenter har redusert sin energibruk monaleg. Elevane fekk høyre historia om Rundeskatten og sjå han. Dei fekk sjå og høyre om fuglelivet på Runde.

Turen vart populært avslutta med pizza og brus.

Flinke ulsteinelevar

Sjetteklassane i Ulstein hevda seg svært bra i konkurransen. På delt tredjeplas kom sjetteklassen ved Haddal skule og 6B ved Ulsteinvik barneskule. Dei greidde å bruke heile fjorten prosent mindre energi i konkurranseperioden.