Spøk og skjemt til helga

Denne helga er det klart for den niande årlege Skjemtegaukfestivalen. Arrangørane lovar ein fin miks av både lokale og nasjonale komikarar.
Nyhende

– Vi har eit variert program, med folk frå rundt om i heile landet, seier Geir Sindre Breivik. Han har saman med broren Åge André arrangert Skjemtegaukfestivalen sidan 2004. I år er ikkje noko unntak, og både fredag og laurdag vert det standup på kaffibaren.

– No er det klart. Eg har akkurat slått plenen utanfor der artistane skal bu, seier Breivik.

Årets line-up er ei god blanding av norske komikarar og lokale utøvarar. Blant dei mest kjende finn ein namn som Ørjan Burøe og Grim Fimland Moberg. Av lokale talent skal mellom anna Anett Wingsternes og Roger Egil Sundgot opptre. Det største trekkplasteret vert nok denne gongen Ørjan Burøe. Han er kjend frå ymse tv-produksjonar, er i stallen til Stand Up Norge, og har lang fartstid som komikar.

– Dei fleste får gjennomgå når Ørjan går på scena, kan Skjemtegaukfestivalen si nettside melde om.

– Går av seg sjølv

Med ni års fartstid byrjar det å bli ei vanesak å arrangere festival.

– Det går litt av seg sjølv no, vi veit korleis ting er. Det dukkar kanskje noko uføresett opp, men vi føler at vi har kontroll, seier Breivik.

Line-upen fredag består av Ole Soo, Anett Wingsternes, Olav Svarstad Haugland, Roger Egil Sundgot og Grim Fimland Moberg.

Laurdag skal Joachim Skage, Jørgen Christophersen Knudsen, Terese Tveit, Geir Sindre Breivik og Ørjan Burøe til pers.