Fylkeskommunalt ja til ny Ulsteinhall

Fylkesutvalet gjekk i dag samrøystes inn for å leige areal i prosjektet Ny Ulsteinhall. Dermed står berre fylkestinget att før fylkeskommunen kan seie endeleg ja til prosjektet.

  Foto: Per Vidar Klee Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyhende

Prosjektet er kostnadsrekna til 123 millionar kroner inkl. mva. Fylkesutvalet seier ja til å ta 47,6 prosent av investeringskostnadene og 37,6 prosent av driftskostnadene i form av langsiktige leigeavtalar.



Hallen utløyser over 1000 kvm i nytt areal for fylkeskommmunale Ulstein vidaregåande skule og ikkje minst tilgang til ny friidrettshall med totalt 6400 kvm i areal. Hallen er plassert slik at den også vil inngå som ein del av etableringa av nye Høddvoll stadion.



- Eg er glad for at Møre og Romsdal fylkeskommune og Ulstein kommune samarbeider godt om eit så viktig prosjekt for både Ulstein og fylkeskommunen. Dessutan, som fylkesordførar i sjølvaste fotballfylket, er det ekstra gledeleg at også Hødd IL er med i prosjektet. Når nye Høddvoll stadion er på plass reknar eg med at det blir fleire haustoppgjør på Ullevaal i åra som kjem, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap).



Fylkskommunen tek endeleg stilling til saka på fylkestingssamlinga 15.-16. oktober. Etter planen skal nye Ulsteinhallen stå ferdig sommaren 2014.