Det ser ut til at Ulstein kommune får fem millionar, ikkje ti, frå Kulturdepartementet.

Ulstein formannskap fekk denne veka kjennskap til at heile finansieringa av den nye Ulsteinhallen ikkje er på plass.

– Når det gjeld tilskotet frå Kulturdepartementet på 10 millionar kroner, som me i utgangspunktet var førespegla, er dette enno ikkje avklart. Signala me får frå idrett og departement, er at Ulstein er innstilt til eit tilskot på 5 millionar, stod det å lese i sakspapira.

Dei siste fem millionane som kommunen hadde rekna med å få, blir truleg tildelt eit tilsvarande prosjekt i Akershus.

Administrasjonen har difor vore i kontakt med Dimna IL om alternativ inndekning av tilskotet. Kommuneadministrasjonen har ein munnleg intensjonsavtale med idrettslaget om sal av reklameplass i hallen og sal av hallnamnet, for å sikre fullfinansiering av prosjektet.

Planlagt riving av dagens Ulsteinhall er sett til mai 2013. Ferdigstilling av den nye hallen og nytt stadion på Høddvoll blir etter alt å døme juli 2014.

Held fram arbeidet

Ulstein formannskap vedtok samrøystes å godkjenne bruksavtalen mellom kommunen og IL Hødd Fotball. Dei tok til vitande at det ikkje ligg føre tildeling frå Kulturdepartementet på fem millionar i tilskot til bygging av hallen.

Om dette tilskotet ikkje er kommunen i hende innan utgangen av februar 2013, må prosjektet reduserast tilsvarande, eller ekstern/alternativ finansiering må liggje føre.