Ålesund over 45.000

Herøy, Ulstein, Sande og Hareid hadde folkevekst i siste kvartal 2012.

Ålesund passerte 45.000 i folketal i 4. kvartal 2012. 

Nyhende

Statistisk Sentralbyrå har lagt fram utvikliga i folketalet i det siste kvartalet i 2012.

Blant anna viser det seg at Ålesund passerte 45.000 innbyggarar i dette kvartalet. Med ein framgang på 57 er Ålesund no oppe i 45.033 innbyggarar.

På Søre Sunnmøre hadde Herøy størst vekst med 34, som gir eit folketal på 8.847.

Ulstein voks med 21 til 7.927.

Vidare voks Sande med 8 til 2.628, medan Hareid auka med 7 til 5.057.

Tre av Søre-kommunane hadde nedgang: Vanylven gjekk ned med 9 til 3.336 - Ørsta gjekk ned med 5 til 10.456, medan Volda gjekk ned med 1 til 8.827.

Det er framleis innvandring frå utlandet som driv folketalsutviklinga. Utan denne innvandringa ville fem av Søre-kommunane hatt nedgang i folketalet i 4. kvartal 2012. Berre Herøy og Hareid ville ha stått i status quo utan innvandring.