Redda frå konkurs

Vedtak i fylkesutvalet sikrar friske middel til drift av Runde Miljøsenter.

Runde Miljøsenter og Runde Miljøbygg er redda frå konkurs.  

Nyhende

Torsdag vedtok fylkestinget å auke aksjeposten sin i Runde Miljøbygg AS. Denne auken vil vere på tre millionar kroner og set som ei forutsetjing at det totalt vert skaffa seks millionar i auka aksjekapital.

Gunn Berit Gjerde fortel at ein har kome langt på veg og at det står att om lag 900.000 kroner for å nå målet på seks millionar.

- I tillegg har banken gått inn og sanert gjelda, noko som fører til at driftsutgiftene på Runde vil verte om lag ein million mindre per år. Det fører til mykje betre forutsetjingar for vidare drift, seier Gjerde.