I eit skriv frå Statens vegvesen 29. juli i år, kjem det fram at K.A. Aurstad frå Ørsta er entreprenøren som vann anbodet på Garneskrysset etter ei anbodskonkurranse.

Over 19 millionar

K.A.Aurstad skal byggje det nye Garneskrysset for ein prislapp på 19,6 millionar kroner.

Aurstad låg i konkurranse med Volda Maskin, men vart til sjuande og sist den entreprenøren som vann fram med lågast pris.

– Statens vegvesen Region-Midt har vedteke å tildele kontrakt med dykkar firma , skriv seksjonsleiar Arthur Selliås og Andreas Bergby i Statens vegvesen til K.A. Aurstad.

– Vi ynskjer lukke til med oppdraget og ser fram til ei konstruktivt samarbeid, avsluttar dei.