Kvinne betre enn beste mann

Tonje Brandal frå Ålesund kom i mål før alle mennene på halvmaraton. Foto: Olaug Orten Trovåg. 

Nyhende

I Nordvest Maraton laurdag opplevde vi det oppsiktsvekkande at ei kvinne hadde betre tid enn samtlege menn på halv distanse.

Det skjedde då Tonje Brande frå Ålesund sprang i mål på 1.30.00. Det var samtidig nest beste kvinnetid på denne distansen gjennom dei 23 løpa som har vore.

Beste mann på halvmaraton var Joar Gjerde frå Hareid. Han fekk 1.34.30.

Arrangementet hadde tilsaman 50 deltakarar. Av desse 11 menn og 4 kvinner på full distanse frå Rundebrua - og 21 menn og 14 kvinner på halv distanse frå Torsetbakkane

Kvinneandelen i årets løp var den høgaste som har vore.

Først i mål på full distanse var som vanleg Helge Hafsås frå Olden, som denne gongen vann på 2.55.15. Joar Moldskred, Hakallestranda/Haddal, hadde 2.59.41 på 2.-plass. Dei to var dei einaste som kom under tre timar.

I kvinneklassa vann Arlen Rønning Eid frå Hødd på 4.10.50. Det var den fjerde strake sigeren hennar på denne distansen i NV Maraton – og det var samtidig hennar bestetid i løpet.

Det var flotte forhold under løpet, men mange klaga over varmen og at sola tok veldig. Dei som hadde slurva med væskeinntaket fekk nok merke det etter kvart.

I tillegg til vanleg 1/3-premiering fekk vinnarane på heil og halv distanse, både menn og kvinner, pengepremiar. Dessutan vart det trekt ut seks gåvepremiar på startnummer.


HEILMARATON:

MENN

17-34 år:

Arve Haugland Anleggslaskene IL 3.19.25

Martin Hauge-Nilsen Kondis IL 3.25.15

35-39 år:

Joar Moldskred Hakallestranda 2.59.41

40-44 år:

Jonny Tømmerbakk Hødd 3.44.21

Tor Arne Kallevik Stabeisen 5.41.50

45-49 år:

Helge Hafsås Olden IL 2.55.15

Ole Arne Eiksund SK Vidar 3.22.15

Rune Andre Jensen Hitra Friidrettsklubb 3.28.35

55-59 år:

Geir Råheim Ålesund Tennisklubb 3.40.58

60-64 år:

Inge Asbjørn Haugen Hornindal IL 4.26.51

Wiggo Bakken Jevnaker IL 5.13.43


KVINNER

35-39 år:

Arlen Rønning Eid Hødd 4.10.50

Therese Falk BRAUT

40-44 år:

Titina Bakken Romerike Ultraløpeklubb 4.30.49

Kjersti Flø Hødd 4.36.31


HALVMARATON

MENN

17-34 år:

Ole Magnus Melchior Nordal IL 1.35.01

Yngve Trandal 1.38.32

Andreas Røren Team Røren 2.04.47

Gregor Antoniak 2.19.45

35-39 år:

Joar Gjerde Bedrifts ABB 1.34.30

Steffen Frøystad 1.39.28

Marcus Vedeler Eid IL 1.43.10

40-44 år:

Bjørn Helland Blindheim IL 1.48.01

45-49 år:

Andersson, Thomas Gursken IL 1.45.40

Oddbjørn Vad Stordal 1.46.38

50-54 år:

Arnfinn Oksavik Dimna IL 1.35.34

55-59 år:

Egil Arne Standal Ørsta 1.47.45

60-64 år:

Egil Trandal 1.53.16

Runar Risvik 1.54.03

Gunnar Nordhus 1.58.10

Fagerlund, Kjell M Hasundgort IL 1.58.39

Øistein Øien Langevåg 2.03.33

Per Arne Pedersen Hødd 2.04.47

70-74 år:

Olaf Øien Velledalen IL 1.58.10

Inge Einar Røren Team Røren 2.17.53

75-79 år:

Feøy, Leif Ålesund FIK 2.15.55


DAMER

17-34 år:

Laura Sendriute 2.06.20

Kathrine Garshol 2.19.17

Joanna Teresa Antoniak BRAUT

Christine Gohles Helios Team Erfurt 2.47.46

35-39 år:

Brande, Tonje Ålesund FIK 1.30.00

Hanne Sofie Urke Dimna IL 2.01.00

Kari Melle 2.01.06

Camilla Røren van Veen Team Røren 2.25.42

45-49 år:

Kari Anne Tryggestad Ryste Sunnylven IL 1.37.38

Nancy Eggen Velledalen 1.48.04

40-44 år:

Nina Melle Scharning 2.04.08

Tatjana Longva 2.10.16

Anette Kristiansen 2.42.02

50-54 år:

Helene Mallasvik  1.49.38