Songarlegat til Bror Magnus Tødenes

Og skryt frå operasjefen på Den Norske Opera og Ballett.

Operasjef Per Boye Hansen (til høgre) skrytte av Bror Magnus Tødenes (til venstre). (Foto: Erik Berg) 

Erik Krogh Sites delte ut legatet (Foto: Erik Berg) 

Nyhende

Operatalentet Bror Magnus Tødenes frå Eiksund har fått Erling Kroghs sangerlegat.

Den 20 år gamle tenoren vart av operasjef Per Boye Hansen skildra som eit usedvanleg talent med ei vakker røyst. Under utdelinga av legatet fortalde operasjefen om korleis han i vinter fekk ein CD tilsendt av Kåre Bjørkøy med oppmoding om at dette måtte han høyre på! Hansen sa at han knapt trudde øyro sine etter han hadde høyrt CD-en.

Fekk prøve hovudscenen

Det prestisjefylte stipendet vart høgtidleg delt ut på Den Norske Opera torsdag denne veka.

Overrekkinga skjedde i Kirsten Fløgstad-rommet. Der var spesielt inviterte gjester, som representantar frå Erling Krogh sin familie, administrerande direktør Tom Remlov og Camilla Svendsen ved Den Norske Opera og Ballett og den næraste familien til Bror Magnus Tødenes.

Bror Magnus Tødenes takka og kvitterte med eit par songnummer for dei frammøtte. Han fekk stor applaus og gode ord på vegen vidare.  

– Eg håpar eg kan leve av songen ein dag, sa Tødenes.

Etter overrakkinga var det synfaring i Operaen. Operatalentet fekk testa akustikken frå hovudscenen, som han håpar at han får høve til å syngje på om ikkje alt for mange år.

Meisterklasse

Stipendpengane kjem godt med til mellom anna å dekkje reiseutgifter. Alt neste veke skal han nedover igjen til Operaen. Då for å ta del i ei meisterklasse med stortenoren Neil Schioff, i lag med Operaen sine fast tilsette tenorar.