Ta Tak

Silje Kleven Eriksen (f.v.) frå Ulstein kommune, Gunn Grønmyr, NAV Ulstein og Rita Rødseth og Mette Grytten, begge rådgjevarar ved Kompetansesenter rus - Midt-Norge, blir med på TA TAK-kurset som startar opp i Ulsteinvik onsdag 16. oktober. Det same blir Britt Paulsen frå Herøy. 

Nyhende

Dørstokkmila er lang, men kursleiarane håper på mange påmelde når det no blir sett i gang ein kursserie for pårørande til personar som slit med psykisk helse og/eller rus.

Det er første gong det blir sett i gang TA TAK-kurs på Søre Sunnmøre. Tidlegare har kursa blitt arrangert i Ålesund, Molde og Kristiansund.

Kurset i Ulsteinvik startar opp 16. oktober, og er ope for pårørande frå heile Søre Sunnmøre. Kurset blir halde på Skollebakken.

Arrangør er Ulstein kommune, Volda Distrikts psykiatriske senter, Vestmo behandlingssenter og Kompetansesenter rus-Midtnorge.

Kurset går over 6 onsdagskveldar, og det er gratis.

TA TAK er ein kursserie for alle som er pårørande til personar som slit med den psykiske helsa si, eller er avhengige av rus.

Pårørande kan bli sjuke

– Mange pårørande brukar mykje tid og merksemd på den som har desse vanskane. Ofte blir belastningane med å vere pårørande så store at dei sjølve tek skade av det.

– I tillegg til psykiske symptom, er det mange pårørande som får fysiske symptom som følgje av livssituasjonen sin. Til dømes hovudverk, mageproblem, smerter i brystet og lammingar i kroppen.

Mange lever også med krenkingar, truslar, vald og stadige vonbrot, fortel Mette Grytten og Rita Rødseth ved Kompetansesenter rus – Midt-Norge.

Begge blir med på kurset over seks kveldar i Ulsteinvik.

Fellesskap

Målet med kurset er at deltakarane skal få møte andre i same situasjon, og at dei skal få oppleve fellesskap og støtte. Gjennom informasjon og diskusjon kan ein lettare sjå si eiga rolle og hjelpe til å ta vare på seg sjølv, forklarer dei to.

Mange pårørande har kome inn i eit mønster der dei prøver å skjule problema i heimen, og snakkar ikkje med andre om dei. Arrangørane av TA TAK håper pårørande vil bryte dette mønsteret, og melde seg på kurset.

Folk som vil vere med på kurset, kan ta ein telefon til ein av rådgjevarane på førehand.

– Målet vårt er å skape ei atmosfære der deltakarane kjenner seg ivaretekne, og der vi kan bidra med både håp, meistring og verdigheit, seier Mette Grytten og Rita Rødseth.