Heilt sjef

Stian Lehmann Scheide tevlar i lag med nitten andre ungdomar om tittelen Helt sjef.

Stian Lehmann Scheide har mange jarn i elden. Mellom anna driv han Kiosken i Vik. (arkivfoto) 

Nyhende

280 ungdomar under tretti år er nominert til prisen Helt sjef. Av dei er tjue ungdomar valt ut. Kven av dei som vinn er opp til publikum. Det er oppretta ei eiga gruppe på Facebook der folk kan røyste fram til 1. november om kven som fortener tittelen.

Leiaremne

Dei leitar etter ein yrkesaktiv person under 30 år som er eit inspirerande og initiativrikt leiaremne.

Vinnaren får 10 000 kroner, eigen leiarcoach i eitt år og ein tur til Stockholm.

Heilt sjef-kampanjen er oppretta for å knuse myten om at ungdom er late. Dei vil hylle ungdom sine leiareigenskapar og stå-på-vilje. Det er første gongen at denne prisen blir delt ut.

Dei som sit i juryen er Shazad Rana, Kaveh og tidlegare arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

Initiativtakarane bak denne prisen er ungdomsmagasinet Spirit, interesseorganisasjonen Lederne og McDonalds.

Aktive Stian

Stian Lehmann Scheide (22) er ein aktiv person i Ulsteinvik. Han sit som vara i kommunestyret for Ulstein Høgre, der han også sit i styret. Han har tidlegare vore leiar i Møre og Romsdal Unge Høgre.

Stian er dagleg leiar og innehavar av Kiosken i Vik. Han har ei hundre prosent stilling i Rolls-Royce som MRPC-Buy/Deputy Procurement Manager.

Som om ikkje det var nok studerer han i tillegg økonomi ved høgskulen i Molde (sjølvstudium).

Om du vil røyste på Stian, og er på Facebook, kan du søkje opp gruppa “Helt sjef”.