Dei profilerte skodespelarane Anette Hoff og Nils Ole Oftebro har lagt planarfor sommaren og ynskjer seg blant anna tilbake til Herøyspelet «Kongens Ring» ogden salte sjølufta her på Møre.

Med si lange erfaring frå scenekunsten har deialltid med seg noko ekstra inn i rollene som Kjerring Bråte og RagnarHerøyhovding.

-Vigler oss veldig over at dei kjem og ynskjer dei hjarteleg velkomne. Dei serogså fram til ein ny sesong og gjensyn med folket her i vest.

Regissør GeraldPettersen jobbar no for fullt med å få på plass hovudrollene til årets spel, sådet vert nok fleire avsløringar i tida som kjem.

På nyåret er det alltid storpågang frå nyutdanna og meir erfarne skodespelarar som ynskjer seg ei rolle ispelet.

Herøyspelet har mange profesjonelle skodespelarar som har vore trufastmed i ei årrekkje, og mest truleg vil vi også i år sjå igjen kjente og kjæreandlet frå tidligare.

Blir du med?Herøyspeletinviterer kvart år folket til å vere med som aktørar på scena og funksjonærar idei  viktige gruppene som bidreg til atspelhelga vert eit velsmurt og vellukka arrangement for dei tilreisande ogpublikum.

-Påmeldingatok til i midten av februar, og det er kjekt å sjå at mange allereie har meldtseg på, seier Nærø.

Hanpåpeiker at det er mange funksjonar som skal fyllast under eit sliktarrangement, og nemner blant anna transport, parkerings- og kaivakter,billettsal, effektsal, matsal og kjøkken, sminke, kostyme og teknisk avdeling itillegg til aktørar i spelet.

-Har du anledning og lyst til å vere med på ein av dei største og kjekkastekulturdugnadane i vår region er du hjarteleg velkomen til å vere med.

Det erfortsatt mange ledige plassar og eg vil derfor oppmode alle som har lyst og somhar ledig fyrste helga i juli til å nytte påmeldingsskjemaet på heimesida tilHerøyspelet og melde seg på.

Herøyspelkoret søkjer songarar.Har koretditt tatt ferie i juli, må du gjerne vere med i Herøyspelkoret. Vi står overforeit generasjonsskifte i koret og søkjer derfor fleire koristar og songarar.Saman med orkesteret har koret ei sentral rolle i Herøyspelet «Kongens Ring».

Musikk og song er eit viktig element for framdrifta i spelet og bitt samanhandlinga med flotte korverk, komponert av Svein Møller.

-Vi er på utkikk etter menn og kvinner, tenorar, bassar, altar og sopranar. Deter veldig kjærkome med fleire mannlege songarar i koret, derfor vil eg spesieltynskje tenorar og bassar hjarteleg velkomne til å bli med, saman med fleiresongglade kvinner også, sjølvsagt.

Skjema for påmelding er å finne på heimesidatil Herøyspelet. Vi gler oss fram mot sommarens Herøyspel og vonar at det også iår vert eit vellukka arrangement, avsluttar Nærø.