Fryktar fugledød

Døde Det er den siste tida gjort fleire funn av død lundefugl og alkar utanfor Runde. 

Nyhende

Den siste tida er det gjort fleire funn av døde alkar og lundefuglar utanfor Runde. Funna av dei døde fuglane vert kopla til førekomstar av kvite algar som er observert i dei samme sjøområda, skriv Vestlandsnytt.

Marinbiolog Roger Kvalsvik ved Runde Miljøsenter har allereie undersøkt prøver av stoffet under mikroskop og har konkludert med at det består av både algar og bakteriar. Det er ikkje prova at det er algane som er årsaka, men i følgje Vestlandsnytt er SINTEF i ferd med å gjennomføre ei nærare analyse av materialet.

Dagleg leiar ved miljøsenteret, Nils Roar Hareide, seier til avisa at det i verte fall kan dreie seg om hundrevis, ja kanskje tusenvis av døde sjøfuglar.

- Vi har ressursar og kompetanse til å gjennomføre ei registrering av omfanget. Diverre vil ikkje Kystverket og Miljødirektoratet hjelpe oss med økonomiske midlar for å gjennomføre ei lokal kartlegging av fugledøden med båt, seier ein skuffa Hareide som meiner ein framleis har eit godt stykke att før ein har eit apparat som fungerer tilfredsstillande i samband med hendingar av denne typen.