Barnevern-sjekk også i Herøy

Også fiskarkommunen Herøy vil no granske barnevernet - for å finne ut om kritikken mot omsorgsovertakingane har noko for seg. Illustrasjon: Fiskarkona i Fosnavåg. 

Nyhende

Frå før har kontrollutvalet i Hareid vorte pålagt ein gjennomgang av barnevernet. No melder Vestlandsnytt at også kontrollutvalet i Herøy skal sjå på sitt barnevern.

I begge tilfella blir det vist til manglande grunngjevingar for kvifor born brått blir rivne bort frå heimane sine på grunn av bekymringsmeldingar, utan at heimane er kontakta på førehand.

I Hareid var det politikaren Linda Haddal Røssevoll som bad om ein gjennomgang, etter at ho hadde fått fleire tips.

I Herøy er det Kjell Runde som ber om ein gjennomgang.

Runde skriv, i følgje Vestlandsnytt, at han har fått fleire oppmodingar frå brukarar av barnevernstenesta.

I tillegg til dei bråe fjerningane av born frå heimane blir det peikt på at barnevernet i Herøy ikkje svarar på skriftlege og munnlege spørsmål, og at der er manglande forklaringar av prosessane før omsorgsovertakinga og om barnevernet sine rutinar når det gjeld vurderingar av tiltak i heimen.

Det blir også reist spørsmål ved oppfølgjinga av vedtak og oppfølgjinga av borna ved sjølve omsorgsovertakinga.