Gode eksamensresultat

– Vi skal aldri seie oss nøgde. Men dette er dei beste eksamensresultata våre på nokre år.

Nøgd rektor Resultata i dei sentralgitte eksamenane i år er gode for Ulstein vidaregåande skule, konstaterer rektor Margaret Alme. Både i norsk og i realfaga ser ho heving. Og i rettslære har UVS eit svært imponerande snittresultat. 

Nyhende

Det seier rektor ved Ulstein vidaregåande skule, Margaret Alme, til lokalavisa.

– Vi ligg godt over både snittet i fylket og landet på alle fag vi har hatt sentralgitt eksamen i, sett vekk frå tre, forklarer Alme.

Færre stryk

Det skal nemnast at elevane har høve til å klage på eksamensresultata, og fristen er ikkje ute. Så det kan bli marginale endringar. Uansett har UVS og Margaret Alme mykje å glede seg over denne våren.

– Til dømes er resultata i norsk, eit fag alle VG3-elevar i heile Norge blir testa i, betre enn i fjor. med eit snitt i hovudmål på 3.4 i studiespesialisering og idrettsfag. Det er betre enn snittet både i landet og fylket. Vi har lege litt lågt i norsk siste åra. Men no ser vi framgang og færre stryk. Også i realfaga synest vi sjølve vi har lege noko lågt. No ser vi heving også der, og då kan ein litt flåsete seie at vi får valuta for pengane, seier Margaret Alme.

Imponerande i rettslære

Og her kjem ein del tal som gjer at Alme og resten av UVS-staben kan seie seg godt nøgde:

* Heile 87 % av avgangselevane har fått vitnemål. Det er eit sterk tal.

* På allmennfagleg påbygging har skulen eit snitt på 3.4 i hovudmål. Der er både landssnittet og fylkessnittet 2.7.

* I R1-matematikk (realfag andre året) er snittet ved UVS 3.7. Landssnittet ligg på 3.1.

* I R2-matematikk (realfag tredje året) er skulen sitt snitt 3.6. Landssnittet er 3.2 og fylkessnittet 3.0.

* I S1-matematikk (samfunnsfag andre året er UVS-snittet på heile 3.8. Landssnitt: 2.8.

* I S2-matematikk (samfunnsfag tredje året) ligg UVS-snittet på 2.9. Landssnittet er 2.7 og fylkessnittet 2.6.

* UVS sitt beste snitt i sentralgitt eksamen var i Rettslære 2. Der var snittkarakteren på imponerande 4.76.

– Resultata i rettslære var fantastisk gode. Vi hadde mange oppe i eksamen i det faget, så tala er å lite på, forklarer Margaret Alme.

Det er vanskeleg å samanlikna dei totale eksamensresultata frå år til år. Men Alme tør påstå at årets tal er dei beste ved UVS sidan ho vende tilbake til rektorstillinga for fire år sidan.