Førsteinntaket er klart

9579 søkjarar har fått tilbod om plass under førsteinntaket til dei vidaregåande skulane i fylket.

Ulstein vidaregåande Ifølgje Møre og Romsdal fylkeskommune har 9579 personar fått tilbod om plass ved dei vidaregåande skulane under førsteinntaket.  

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune skriv at dei aller fleste av dei som fekk tilbod i denne omgang er søkjarar med ungdomsrett. Desse har frist til 1. august med å svare på tilbodet om skuleplass.

"184 av ungdomsrettssøkjarane til skoleplass står framleis utan tilbod. Dette er 110 færre enn i fjor. Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når 2. inntaket blir kjørt ca. 4. august. Ved 2. inntaket vil ein også ta inn vaksne søkjarar til ledige plassar, samstundes vil vi passe på at alle ungdomsrettssøkjarane får plass før skolestart", skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

Ifølgje Møre og Romsdal fylkeskommune er det spesielt fag som elektro og teknikk, samt industriell produksjon som har mange søkjarar på venteliste.


 

Det er også 695 personar som har fått tilbod om læreplass. 589 av desse har ungdomsrett.

På Ulstein vidaregåande skule var det 604 primærsøkjarar med ungdomsrett på 636 studieplassar. 595 av desse har fått tilbod i førsteinntaket.

Linjene med flest søkjarar i høve studieplassar under førsteinntaket er Elektro og Teknikk og industriell produksjon.