– Ferjenæringa er eit godt døme på korleis ein omstiller seg når krava kjem. Vi fann dei miljøvennlege løysingane, etter at Statens vegvesen stilte anbodskrav som tvinga oss til å gjere det. Det er eit gode at staten pressar på for å få fram nytenking. Teknologien er der, og hadde staten kravd nullutslepp frå ferjeflåten endå raskare enn det blir gjort, ville det gått fint, seier Neteland til avisa Firda.

Neteland meiner det må vere naturleg for staten å utfordre andre bransjar til grøn omstilling.

– Det bør liggje godt til rette for at til dømes oppdrettsnæringa elektrifiserer fôrbåtar og andre fartøy. Det same gjeld lokale båtruter, seier reiarlagsleiaren.