Dottera hennar, Tuva, er no 11 år og har nytta Snoezelen sidan ho var knapt to år gamal.

Hatløy engasjerte seg i 2013, då kommunen ville leggje ned Snoezelen. Ho reagerte i sommar då det vart kjent at kommunen tenkte å flytte Snoezelen frå Kompetansesenteret til Holsekerdalen 24. Og no som det skal opp i politiske organ har ho sendt brev til politikarane der ho argumenterer for kvifor dei ikkje bør endre tilbodet.

Hatløy meiner det er særs uheldig å slå saman så ulike brukargrupper som dei to avdelingane har. Brukarane har ulike behov. Ho meiner det vil by på store utfordringar i arbeidskvardagen til dei som skal drive opplæring og omsorg i desse lokala, i tillegg vil brukarane på ingen måte få eit godt nok tilbod.

Meiner fleire bør få tilbodet

I sakspapira frå rådmannen står det at Snoezelen i Ulstein berre har ti brukarar, sju vaksne og tre born. Hatløy meiner at mange fleire burde fått dette tilbodet. Snoezelen har vist seg å ha positive effektar for enkeltpersonar når det gjeld: psykisk sjukdom, autisme, ADHD, kroniske smerte, demens, Acquired Brain Impairment (ABI), svekka motoriske ferdigheiter og personar med personar med behov for spesialundervisning.

Sånn Hatløy ser det er det tallause brukarar i kommunen vår (og i nabokommunar) som kunne hatt stor nytte av dette tilbodet. Ho viser til at det har vore sprengt kapasitet på Snoezelen, der folk har stått på venteliste for å sleppe til. Lokala på Reiten har kapasitet til å ta imot fleire, men då må fleire arbeide der. Hatløy kunne tenkt seg at kommunen tilsette fleire og sette ned ei ressursgruppe, ei gruppe med tverrfagleg bakgrunn og med eit stort engasjement som kan sjå på moglegheitene i lag. Ho ser gjerne for seg at ein kallar inn nabokommunane til samarbeid.

I sakspapira får ein inntrykk av at Snoezelen ikkje fungerer, men Hatløy viser til at dei er mange som ser at det fungerer.

– Kva med den årlege dokumentasjonen frå brukarane som har fått benytte seg av Snoezelen-tilbodet? Kvifor har vi fortsett å bruke Snoezelen, og det ikkje nyttar, spør Hatløy som håper at politikarane kjem til ein annan konklusjon enn rådmannen i denne saka.