Ei dame i svart piratbukse og mørkegrøn singlet kjem gåande nedover markane. Lisa Mari Breivik Anderson smiler og fortel medan ho går mellom radene.

Til saman finst det over 50 ulike sortar bær og grønsaker på Gjerdsbakkane - alt ifrå bringebær til brokkoli.

– Eg prøver ofte å dyrke nye grønsaker og synest det er spennande å sjå korleis resultata vert, seier Lisa Mari.

Grønt

Vi ruslar først innom grønsakshagen der små barnehender frå Sundgotmarka barnehage har fått hjelpe til. Etter ein lang sommar med lite regn, vert vi nesten overraska over å sjå kor grønt alt er.

– Det er kjekt å sjå at grønsakene har klart seg så fint. Sjå på desse store laukane, seier Lisa Mari entusiastisk.

Har ikkje tørka ut

Det er viktig å vatne grønsaker, spesielt når dei er nye. Lisa Mari trur også det har vore gunstig å ha mykje jord i doble pallekarmar. Ein kombinasjon av papp nedst, silo, naturleg gjødsel og deretter jord på toppen ser ut til å føre til gode vekstvilkår, og det har ikkje tørka ut.

Barnehagebarna har sett både poteter og lauk. Dei har sådd og planta: Gulrøter, graskar, squash, salatar, reddikar og rabarbra. Når dei kjem tilbake etter sommareferien, kan dei lage gode grønsaksupper og anna spennande mat.

Bærplukkarar

Lisa Mari har nyleg kome heim frå ein liten miniferie med familien.

– Eg kom heim for å plukke bær. Tidlegare jobba eg som lærar, og då skulle ofte bæra haustast samstundes som skulen starta, fortel ho.

No kan ho plukke bær frå morgon til kveld innimellom andre oppgåver ho har som både mamma og sjølvstendig næringsdrivande. Ho har også fleire gode hjelparar frå familien.

– Gamletanta og onkelen min som begge er 86 år, var her ein dag. Dei syntest det var heilt topp å plukke bringebær fordi då slepp ein å bøye seg så mykje som med jordbæra. Eg er heldig som har slike gode hjelparar, seier Lisa Mari.

Godt bærår

Denne sommaren har det vore lite regn og tørt.

– Ideelt sett ønskjer vi oss regn tidleg på sommaren og sol når bæra skal modnast. Eg var faktisk litt overraska over at bæra er så store og fine. Det er eit godt bærår, konstaterer Lisa Mari.

Bæra har ikkje vorte vatna i løpet av sommaren, men det ser ut til at dei har likt seg i varmen.

– I grønsakshagen har vi vatna, men sidan vi har eigen brønn er vatn ein avgrensa ressurs, seier Lisa Mari.

Fulltidsjobb

I fjor sommar tok ho steget fullt ut og satsa på heiltidsjobb i familiebedrifta «Gode Greier». Ho er glad for at det har gått bra med både bær og grønsaker i sommarvarmen.

– Vi lagar fleire ulike produkt basert på eigendyrka bær og frukt. Vi lagar mellom anna saft, sylte, gelé, bærsaus og honning. Eg har alltid vore glad i mat og reine råvarer, fortel ho.

Det summar mellom radane. Ivrige bier gjer ein viktig innsats og er velkomne for å sikre smakane av sommar før vinteren kjem.

sPREKINGAR: Asbjørg og Odd Brune som begge er 86 år, synest det er kjekt å hjelpe til med bærplukkinga. Foto: Lisa Mari Breivik Anderson