Det har vore mange arbeidsfolk – og ikkje minst maskiner – i sving ved Hareid ferjekai i vinter. Hamna har vorte mudra og sikra mot utrausing – og i tillegg er ein i ferd med å bygge ein heilt ny hovudferjelem.
Prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Statens vegvesen fortel til Vikebaldet Vestposten at dei reknar med å kunne ta i bruk den nye ferjelemmen i løpet av juni månad.
Han avkreftar i same slengen eit rykte om at også den andre lemmen skal gjennom same prosedyre: – Nei, den andre lemmen, den som ligg lengst sør og som blir brukt i dag, er i utgangspunktet ein reservelem. Det rette er at vi skal inspisere han og gjere nokre vurderingar no når vi får kopla trafikken over på hovudlemmen. Men det er ikkje snakk om same inngrep som vi har hatt hittil.
– Men steinsjeteen vidare sørover ligg i uorden og har delvis rausa ut?
– Ja, der kjem vi nok til å gjere ein del, slik at den kjem i skikkeleg stand. Men noko storarbeid er ikkje påtenkt i denne omgangen.