Oppdrettslokaliteten Haggardsneset i Almestranda vart 28. september formelt tilbaketrekt av Fiskeridirektoratet. Det er Salmar Organic som har disponert lokaliteten, som ikkje har vore i bruk sidan 2013. I utgangspunktet er det gitt løyve til oppdrett av torsk og sei der.

I skrivet frå direktoratet heiter det at Salmar Organic har ansvar for å ha rydda lokaliteten fullt og heilt innan 29. mars 2016. Etter dette vil det påløpe mulkt.

Salmar har høve til å klage på vedtaket.