Det gjekk hardt føre seg i ei bygd på Søre Sunnmøre ei natt i mars 2014.

Den sikta var rusa på amfetamin og alkohol då han kom heim til bustaden sin om lag klokka 03.30, og oppdaga at nokon hadde brote seg inn i husværet hans. Ting var flytta på og knuste.

Han tok derfor med seg eit balltre for å beskytte seg, medan han gjekk ei runde rundt huset for å sjekke om der var nokon. Medan han gjekk rundt huset såg han nokon som gjekk mot nabohuset, der ein kamerat av han budde. Han fann då på at han skulle gå inn i dette huset, for å be om assistanse i samband med innbroten.

Vart oppmoda om å forlate huset

Men det var kjærasten til huseigaren som opna døra, og ho sa at kjærasten ikkje ville ha noko med den sikta  å gjere når han var rusa. Ho sa han måtte gå.

Eit vitne har forklart at då den sikta vart oppmoda om å gå tok han fram balltreet, og tok eit skritt opp i trappa. Oppførselen hans var trugande, jenta vart redd og sprang inn i huset og fortalde at den sikta stod på trappa med eit balltre. Inne høyrde dei kor han slo i veggen fleire gonger.

Huseigaren gjekk då ut, med eit økseskaft utan blad. I Søre Sunnmøre tingrett har den sikta sagt at han bør frifinnast, fordi han handla i ein naudvergesituasjon. Han har forklart at huseigaren slo han med i hovudet med økseskaftet i underkant av ti gonger.

- Ikkje i naudverge

Men retten har ikkje funne bevis for at den sikta var i ein naudvergesituasjon. Retten meiner at når han oppsøker folk klokka 03.30 om natta, rusa på amfetamin og alkohol, og med eit balltre i handa, så har han sjølv aktivt oppsøkt den situasjonen som han hamna i.

Sjukmeld i åtte månader

Episoden enda med at den sikta slo huseigaren gjentekne gongar med eit balltre, slik at han vart påført brot på kraniet, brot i kinnbeinet og over kjevebeinet.

Resultatet av slaga var at den fornærma har vore sjukmeld i ca. åtte månader. Han har opplyst til retten at han etter denne hendinga har svikt i korttidsminnet og kraftig nedsett høyrsel.

Allmenne omsyn tilseier ein streng reaksjon, og valden kunne lett ha fått langt meir dramatiske følgjer, sidan balltreet traff like ved tinningen, meiner retten.

Med i dommen er også bruk av narkotika. Analyseresultat frå folkehelseinstituttet påvirer amfetamin i blod og urin.

"Stun Gun" i lomma

I tillegg er han dømd for ulovleg oppbevaring av våpen. Mannen forklarte i retten at han hadde fått eit "Stun Gun"-våpen av ein kamerat. Han hadde det i jakkelomma, og hadde prøvd det på seg sjølv, men at det var så vidt han fekk støyt.

Retten fekk lagt fram våpenet, som er forma som eit stort, flatt batteri med to elektropolar som kan setjast mot kroppen til eit anna menneske. Effekten er på 1800 volt, som retten meiner ikkje er ubetydeleg.

Denne type våpen er ikkje alminneleg tilgjengeleg for sal i Norge, og retten meiner den tiltalte hadde plikt til å setje seg inn i regelverket for oppbevaring og eige av våpen.

Søre Sunnmøre tingrett meiner at seks månaders fengsel, med unntak av seks dagar i varetekt, er ei høveleg straff.