- Det er ikkje noko ein ser kvar dag, seier ein av politibetjentane som fann mannen til Vikebladet Vestposten.
Det var nok ei noko uvanleg hending politiet stod ovanfor då dei rykte ut til Ulstein ungdomsskule på formiddagen, fyrste påskedag. Der fann dei ein mann som hadde brote seg inn, på ein litt uventa stad.
Mannen skal ifølgje politiet ha vore i dusjen då han blei oppdaga. Då mannen hadde fått på seg kleda sine, fann politiet mindre mengder narkotika på han. Det blir oppretta sak mot mannen, opplyser politiet.