Friidrettsforbundet har invitert blant andre Kulturdepartementet, tidlegare hallbyggarar og lag og kommunar som har planar om å bygge hall.

Frå Nores Friidrettsforbund deltek teknisk konsulent Ole Petter Sandvik og Kalle Glomsaker. Sistnemnde er styremedlem og medlem i idrettsforbundet sin anleggskomite. Frå Kulturdepartementet deltek blant andre Ole Fredriksen, som er avdelingsdirektør i idrettsavdelinga.

- Deltakarane vil få omvising og informasjon om korleis Ulsteinhallen har blitt til. Erfaringsutveksling om bygging og drift av slike hallar blir eit viktig tema i løpet av dagen, opplyser Arve Hatløy i Dimna Il.

Ordførar Jan Berset skal opne Hallforumet i dag klokka 10.00.