Latter og glede møter Vikebladet Vestposten på veg inn i bygget, der Søre Sunnmøre mottak har etablert ein såkalla «barnebase». Umiddelbart tek vesle Karim på tre år tak i buksebeinet på fotografen. Han vil så gjerne prøve kameraet.

– Han er nysgjerrig, men slik har han ikkje alltid vore. Då han først byrja her, var han stille og sjenert, seier bebuarkontakt Silje Brønstad.

Her på «barnebasen» får Karim og dei andre asylborna eit avbrekk frå ein tøff kvardag.

– Det er i utgangspunktet ingen enkel situasjon dei er i. Dei kjem frå krigsherja land, og mange av dei vaksne, men også borna, slit med traumer. Her får dei vere i eit trygt og stabilt miljø, med mange leiker, og ikkje minst moglegheita til å utfalde seg, seier bebuarkontakta og legg til:

– Eg seier ikkje at borna ikkje har det bra med foreldra sine, men dersom dei er heime med foreldra sine heile dagen, som også er prega av situasjonen dei er i, så er ikkje det optimale omgjevnader for eit born å vere i konstant. Spesielt no i første fasen av asylprosessen. Foreldra i mottaket er fantastiske menneske, men dei også treng avlasting i blant.

Får ikkje gå i barnehage

Ein «barnebase» er eit alternativ til den ordinære barnehagen, som alle dei ulike mottaka kring om i Noreg er pliktige til å opprette. Born som bur i mottak, og som er under fire år gamle, har etter føringane frå Utlendingsdirektoratet (UDI) ikkje rett på barnehageplass.

– Hos oss har fleire av borna saman med familien sin fått opphald i Noreg, eller nærmar seg ei avgjersle, men ikkje fått tildelt ei kommune å bu i. Kravet frå UDI er at mottaket skal leggje til rette for 15 timar i veka med eit slik tilbod. Det er for lite meiner vi, med tanke på språklæring, sosialisering og integrering, seier Silje Brønstad.

Ei anna stor utfordring har vore det reint organisatoriske og økonomiske.

– UDI sendte ut eit kort skriv der det stod beskrive korleis dette tilbodet skulle vere. Vi har ikkje fått noko ekstra middel for å gjennomføre det. Det kan sjølvsagt få konsekvensar for andre delar av drifta vår, men vi prøver så godt vi kan å strekkje til på alle område. Vi prioriterer uansett borna høgt, seier ho.

– Givande

Søre Sunnmøre mottak har valt å tilsette personale med barnefagleg utdanning, som har ansvaret for dei daglege rutinane på «barnebasen».

– Vi synast det er eit veldig kjekt og givande arbeid. Difor har vi valt å bruke personalressursar, sjølv om vi ikkje har fått noko til det av øyremerkte middel. Vi har ein høg etisk standard og høg moral ved Søre Sunnmøre mottak, seier Silje Brønstad.

Håpar på barnehageplass

Silje og dei andre ved Søre Sunnmøre mottak har eitt ynskje ovanfor den nye regjeringa.

– Vi håper at dei kan sjå fornufta i å også la dei som er under fire år gamle få gå i barnehagen. Dei treng tryggleik og stabilitet i kvardagen, noko dei får gjennom «barnebasen», men det ein barnehage representerer strekk seg ganske langt utover det vi kan tilby.

– Der får dei møte norske barn, og dei får ein optimal start på livet her i Noreg, seier Silje Brønstad.