To båtar går ut av opplag, og ein ut av spot i Nordsjøen, melder nett.no

Bourbon-leiinga vil ikkje kommentere det, men etter det Nett No kjemmer til har dei tre skipa; Bourbon Topaz, Bourbon Clear og Bourbon Sapphire fått kontraktar med Cairn Energy.

Ifølgje  Offshoreenergytoday.com har Cairn Energy bestemt seg for å bore to tilknytningsbrønnar på oljefeltetet SNE utanfor Senegal.

Boreskipet Stena Drillmax mobiliserer no for dette oppdraget i Las Palmas.

Stort oljefunnCairn Energy er operatør på feltet, med 40 prosent eigarskap, medan dei andre selskapa er ConocoPhilips (35 prosent), Far Limited (15 %) og det nasjonale senegalske oljeselskapet Petrosen med 10 prosent.

På plass i DakarDet nye boreprogrammet skal starte i løpet av første kvartal, og ifølgje Marinetraffic.com er Bourbon-skipet Bourbon Topaz allereie på plass i Dakar i Senegal.

Adm. dir. Bjørn-Idar Remøy i Bourbon Offshore Norway har tidlegare stadfesta til NETT NO at Bourbon Topaz vert tatt ut av opplag etter at skipet har fått kontrakt, eit godt stykke vekke frå Nordsjøen.

Bourbon Topaz var også med på begge dei to tidlegare kampanjene til Cairn Energy i Senegal.