Mange av medlemmane i Hødd handball var fredag kveld samla i Ulsteinhallen for å markere at det i år er 70 år sidan det blei starta opp handballgruppe i Idrottslaget Hødd. Klubben inviterte på pizza, EM-kamp på storskjerm med dei norske handballjentene og mimring med video og bilde frå Ulstein Cup i sommar.
Samstundes kunne klubben feire at hovudsponsor Sparebanken Møre aukar si støtte til Hødd handball – og fornyar avtalen med klubben for to nye år.
– Det er vi veldig stolte av. Samarbeidet er både viktig og naturleg for banken. Handball er ein stor idrett i fylket, og det er viktig for Sparebanken Møre å fremme både topp- og breiddeidrett, seier banksjef Nina Sundgot i Sparebanken Møre.
Sundgot seier at banken og Hødd handball begge er lokalt forankra, har lang historie – handballen 70 år og sparebanken 160 år – og at dei har felles verdigrunnlag. Ho seier banken er opptekne av at både Ulsteinvik, og fylket som heilheit, skal vere gode stader å bu. Eit brennande engasjement for lokalmiljøa dei er ein del av, er bakgrunnen for at banken kvart år støttar det frivillige idrott- og kulturlivet med betydelege beløp.
Avgjerande støtte
Leiar Jarl Martin Møller i Hødd handball påpeiker at slik støtte er heilt avgjerande for klubben.
– I ei tid der delar av næringslivet opplever tunge tider, sett vi ekstra stor pris på at Sparebanken Møre aukar støtta, og gir oss moglegheit til å halde fram med å gi eit best mogleg tilbod for dei som ønskjer å spele handball i lokalmiljøet, seier Møller.
Handballgruppa takkar samstundes dei andre sponsorane - Ulstein-gruppa, Tussa, Ulsmo, Jets, Ulmatec, Island Offshore, Rolls-Royce, Møbelringen, Arbiro og Umbro - for godt samarbeid.
Hødd handball jobbar for at Norges handballforbund sine verdiar vert fremja i lokal idrett. Styret har ambisjon om å auke tilbodet ytterlegare, og vere ein god breiddeklubb.